Det siste året har det kome ut mange fine strikkehefte og strikkebøker. Eg har kjøpt nokre av desse, men kva for eit hefte har eg eigentlig fått mest igjen for? Mange har nok liggande hefte eller bøker som ein aldri har strikka noko frå, men som virka veldig fristande då det vart kjøpt...
Her er eit utvalg (meir eller mindre vellykka) strikkehefte og bøker eg har kjøpt eller lånt det siste året. Kva hefte har det blitt strikka mest frå???
På 1. plass kjem dette hefte som eg har strikka desidert flest
ulike plagg frå; Babystrik på pinde 3 av Samsøe.
I heftet er det 10 oppskrifter: Bella baby, Bella teppe, Lillies top, Morfartrøye, Bukser, Hue, vanter og krave, Rilletrøje, Viggos og Viggas ribvest, Priktrøje og Fire fine trøjer. Av desse ti oppskriftene har eg strikka halvparten, og ennå har eg lyst til å strikka meir! Her er bilder av det eg har strikka frå hefte:
Viggos ribvest
Bella top
Hue og krave
Bella tunika
Mislykka Priktrøje, omdøypt til
Stripetrøje!
På pinnane no: Rilletrøje i svart.
2. plassen trur eg nok eg må gje til Sandnes garn sitt hefte Norske Ikoner.
Eg har bare strikka to genserar frå dette hefte, men om ein ser på strikketid, altså tid gått med til strikking, er det nok kanskje dette hefte som kjem best ut. Dette er eit hefte eg kjem til å strikka mykje frå. No er eg ferdig med (eller rettare sagt levert frå meg til montering) Oslogenseren:
Eskimogensaren vart ferdigstilt i går kveld, og ligg no til tørk etter vasking. In-action-bilde kjem snart:)
Systera mi strikker Nancy-kofta frå dette hefte, og det kjem eg òg snart til å gjera. Den er råfin! Eg har òg lyst til å strikka Nordkappkofta til Unn Søyland Dale. Har då store planar om å "herma" etter Guro sitt utrulig flotte fargevalg! Denne kan du sjå her: http://gurolaga.blogspot.no . Gensarmodellane frå dette hefte er dessutan veldig fine i snittet, ikkje slik "Ball-genser frå 90-talet-fasong" om du forstår kva eg meinar.. (hugsar forresten veldig godt mine Ball-bukser og gensrar frå ungdomstida mi...Eg saknar ikkje fasongen for å seie det slik.....)
Den store guttestrikkeboka til Charlott Pettersen må muligens få vera med å dela på 2. plassen. Dette er kanskje ei av dei finaste bøkene sånn heilt estetisk sett, og kleda er heilt etter min smak. Eg har strikka Babyshorts og Stripelue med antenne frå boka, men det er utrulig mykje eg har lyst (og kjem til) å strikka frå denne boka.
Babyshorts 1
Stripelue med antenne
Babyshorts 2
All you knit is love frå Susie Haumann var og eit godt kjøp. Av totalt 14 oppskrifter har eg fått strikka tre: Grys jakke, Hue med øreklaffer og Ballonbukser. Det er mykje meir eg vil strikka frå Haumann, og danske oppskrifter er veldig greie å strikka etter!
I all enkelhet av Marthe Helgetun er og ei fin bok, men trur plagga vert litt kjedelige etter min smak. Eg kjøpte nok boka mest grunna Bamsekjolen, og den er eg veldig nøgd med. Ellers har eg strikka lue med fletter, og dette var mitt fyrste bekjentskap med garnet Babysilk frå DSA. Lua er supermjuk og god!!
Bamsekjole og lue med fletter
I Lanett baby nr 1013 er det veldig mykje fint. Eg har strikka 5 plagg frå dette hefte, og dette er eit hefte eg tek fram att med glede om eg vil strikka noko fint til baby!
Faktisk ei av dei få gongene eg
kan visa bilde av ting eg har strikka
in action!
Lille Vilde med heimestrikka antrekk.
Dette settet strikka eg i den
minste storleiken, og det var for
lite til den 4 kilo store jenta som
skulle ha det..Litt dårlig bilde,
men her er eit bilde
frå hefte:
Strikk til nøstebarn av Kathrine Gregersen har eg lånt på biblioteket. Bildene i boka framstår slik som boka: av eldre årgang. Eg ser mange gonger klede frå denne boka rundt om på bloggar, og då ser plagga mykje meir freistande ut enn dei gjer i boka.
Kanskje boka er utgjeven med nyare bilde og layout, kva veit vel eg? Kanskje det er biblioteket i bygda som ikkje har fornya seg på ei stund? Eg tykkjer òg det er irriterande med bøker og oppskrifter der strikkefastheten ikkje er oppgjeven. Totråds og tretråds vert gresk for meg.... Men eg har altså ikkje strikka noko frå denne boka...Det skal eg gjera, og kanskje er eg av ei anna oppfatning etterpå?
Eit hefte eg ikkje har strikka nokon ting frå er DIY frå Sandnes. Det såg veldig kult og fresht ut, og det er Lene Holme Samsøe og Hege T. Larsen som har laga kolleksjonen. Kanskje det vart litt for kult og fresht og oversized for ei halvgammal 34-årig husmor? Eller kanskje eg tek det fram att når eg når 40-års krisa??
Alt i alt trur eg faktisk danskane vant??
Kva er dine favoritthefte og bøker frå
strikkeverden?