Mange nye strikkebøker kan få skulda for at eg for fyrste gong i historia har mange prosjekt gåande på ein gong, utan at eg vert ferdig med så mykje.. Mange har eg kjøpt, ei har eg fått til bursdagen min og nokre har eg faktisk vunne på bloggen
marionidetstorehvitehuset ! Det er utruleg kjekt å draume seg bort i strikkebøker, men samtidig er det litt frustrerande å ha lyst til å strikka mykje meir enn eg har kapasitet til...nokon som kjenner seg att??
Desse bøkene har eg bestilt frå Sommerfuglen.dk :
Viss eg skal kome med nokre anbefalinger må det nok bare bli Knit for your kid av Susie Haumann. Dei andre var så som så...
Her er fleire bøker/hefte eg har kjøpt:
Utrulig mykje fint her, men eit
minus er at det meste er i
rillestrikk... kan fort bli litt
kjedelig etter min smak.
Bare må ha!!!
Ein rein nytelse å sjå på dei
flotte bilda i denne boka!
Veldig mykje fint!
Denne boka fekk eg til bursdagen min:
Her er det MYKJE eg vil strikke, og
garn frå Debbie Bliss er allereie kjøpt
inn på Loop i London!
Her er bøkene eg vant på Marion sin gi-bort:
Her var det mange ting eg har lyst til
å strikke, og eg liker spesielt godt
Strikk til småfolk av Allers!
Eg les om mange som har kjøpestopp på garn, men her i huset er det definitivt kjøpestopp på strikkebøker for ei stund!!!